Eit år sidan...

Ein travel desember er over, det har vært mykje jobbing no når eg er 100% tilbake og eg nådde det akkurat til julerushet begynte:)

Me starta jula med den årlege Førjulskosen med pepperkakehuspynting, som alltid er like kjekk, og det blir fleire og fleire som kjem for kvart år.

Då julaften endelig kom senka roen seg, den blei feira hjå svigers, som lage den koseligaste jula alltid. Me var mange samla og dagane etterpå var rolege innedagar, då været ikkje var så mykje å skryte av. Men både vannkoppar og influensa kom til oss og, som mange andre her. Men, no er no det unnagjort.

1. Nyttårsdag rydda me jula vekk, og både eg og Kenneth følte me rydda vekk den tunge 2016 vekk frå skuldrene. Heile året har vært spesielt, og me har snakka mykje, det har vært mange tårer og følelser. 1. Januar var det 1 år sidan ulykka, og dagen gjekk i berg og dalbane. Eg fulgte med på klokka heile dagen, no var me på veg, no skjedde ulykka, no blei eg sendt i helikopteret, no blei eg operert....Eg skjønnar at det er mange som opplever ulykker og syns eg legg for mykje i det, men for oss er dette noko som har brent seg fast. Mykje av grunnen trur eg, er at det var så mange tilfeldigheter til at det kunne endt så utrulig mykje verre. Me sett så vanvittig pris på at det gjekk som det gjekk.

Eg ønsker dette året så inderlig velkommen, og ber om at det blir eit rolig år med mykje fint som skjer. No er det berre å jobbe på, få salongen opp der den var i 2015. Sjekk forresten ut januartilbudet til Floke Jølster, der kan du virkelig gjere eit kupp og eg håpar du vil ta turen innom:)

2 kommentarer

Sandra Marie

06.01.2017 kl.23:50

god helg):

Melinda

06.01.2017 kl.23:51

Sandra Marie: Takk det samme!!

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

30, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits