12 år!

Tenk det har gått 12 år vennen!

Av og til føler eg me skulle ha gjort så mykje meir med livene våre, reist meir og opplevd meir. Men når ein begynner å tenka tilbake så har me hatt eit rikt liv. Det største av alt er våre 2 små gull som tappar oss av energi, men når dei smiler og seier dei raraste ting så får dei oss til å elska dei meir enn noko anna. 

Småbarnslivet er tøft, ihvertfall når me i tillegg startar frisørsalong, begynner på ny 5 årig lærerstudie og jobbar i tillegg, kjøper nytt hus og pussar opp og blir utsatt for ei ulykke som sett livet på vent ei stund. Jaggu har me komt oss igjennom mykje dei siste årene, og eg håpar at me er komt igjennom det værste livet har å by på og berre har gode år igjen!

 

Du, Kenneth, er ein mann som virkelig tar vare på familien din og gjer alt du kan og meir til for at me skal ha det bra. Av og til må du tenka på deg sjølv og, og når du er ferdig med studiane til våren skal du virkelig ta deg ein velfortjent ferie og roe ned litt. Eg skjønnar ikkje den dag i dag, korleis du kom deg igjennom vinteren, med 100% jobb, studier, 2 barn, lagde middag kvar dag, tok deg av huset og måtte hjelpe meg i tillegg. Du skal ha ein stor takk for du er akkurat den du er. Du får alltid fram eit smil hjå alle hjå meg og du er ein SUPERPAPPA sjølv om du føler du ikkje strekker til.



Eg gledar meg til å sjå kva dei neste åra har å by på i lag med deg! 

Gratulera med dagen og takk for at du har holdt ut med meg;)





 

3 kommentarer

08.11.2016 kl.15:22

Gratulerer til deg sjølv:) Glad i deg veit du:)

Victoria Larsen

08.11.2016 kl.16:13

Så koselige bilder :D

Melinda

08.11.2016 kl.23:37

Victoria Larsen: Takk takk!!

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits