Om det ikkje har vært nok som har skjedd i år, måtte me toppa da med huskjøp og:)

Ei veke etter at Madeleine kom heim frå sjukehuset, fekk me nyss om eit hus som var til salgs som passa oss veldig bra størrelsesmessig. Det var og gåavstand til skule så det var jo berre heilt topp. Me har hatt ein del nedturar når det gjeld kjøp av hus, det er mange som har vært på visning som er interessert og deg blir for dyrt. Me måtte jo berre prøve denne gangen og, sjølv om me var sletne og helst berre ville slappe av denne sommaren. Me reiste i banken og gjorde oss klar med alt papirarbeid og reiste på visning i midten av juli. Me var dei einaste på visning denne gangen og dei einaste som la inn bud! Det var berre meiningen at det skulle gå vår veg:)

Me fekk nøkkelen ei veke før skulestart, og stod på den veka med oppussing og innflytting, og hadde vår første natt i huset natt til første skuledag. Det bobla over av glede for førsteklassingen vår. Me malte alle rom i første etasje og heiv ut badekar og fiksa litt på badet. Skulle ha gjort så mykje meir, men det får me ta seinare. Golv på kjøkken og stove skal skiftast, kjøkken skal malast og badet skal bli heilt nytt. Første prioritet er golvet, som er utruleg vanskelig å holde reint og er mykje riper i.

Men alt i alt er me superfornøgd med at me endelig har fått oss eige hus, med meir plass. 4 soverom er jo berre heilt maks! Endelig har ungane eige rom, det trengtes for Madeleine sin del ihvertfall.

2 kommentarer

lisarorvik

06.11.2016 kl.20:36

Gratulerer så mye, utrolg fint du har det :) (Har forresten ukens blogg, bli gjerne med)

Melinda

06.11.2016 kl.20:43

lisarorvik: Tusen takk! Meldte meg på eg;)

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits