Har dei klart å fikse det no?

Endelig har godjenta fått hjelp! Endelig føle eg me har blitt tatt på alvor!

Madeleine har vært 2 veker på Haukeland for behandling for nakken sin. Det var ein virvel i nakken som var vridd(50 grader feil veg), og den går ikkje tilbake av seg sjølv, noko FSS og Haukeland trudde dei første vekene etter ulykka. Men sidan det har gått så lang tid sitt virvelen godt fast, og fleire behandlingar har ikkje fått den tilbake.

Det første Haukeland ville prøve var nakkestrekk. Denne skulle ho ligge i i 24 timar, då i narkose. Altså 24 timar i narkose! 😬 Må sei mammahjerte var bekymra. Då var planen at virvelen skulle hoppe tilbeke i riktig stilling. Etter strekken, prøvde kirurgen å tvinge den på plass, men etter ei stund skjønte han at dette ikkje hadde hjelpt og virvelen var i samme stilling som den har vært i, i snart 6 mnd.

Då dette ikkje fungerte, blei det planlagt operasjon, der dei skulle stive av virvelen ved hjelp av skruer. Dei klarte å vri virvelen frå 50 grader til 20 grader, og skrudde den fast. No skal ho gå med nakkekrage i 3 mnd, og skruene skal ikkje takast ut i det heile.

Det er ei veke sidan ho opererte og ho fekk komme heim allerede på mandag. Utviklinga hennar er stor, det er så godt å få tilbake den gode sprudlende Madeleine! No må me faktisk roe ho ned då ho helst ikkje bør hoppe o.l., må altså være litt forsiktig. Madeleine stod å hoppa og spring fram og tilbake og er så glad for at ho endelig klarar dette. Ho er i ekstase over å ikkje ha smerter lenger😀 Tenk å gå med store smerter i nakken i 6 mnd!!

Kirurgen meiner ho ikkje kjem til å merke så mykje til dei 20 gradene, for barn tilpassar seg lett og at ho kjem til å få eit smertefritt liv😀 Han meinte og at dette var siste utveg og alternativet var å ikkje gjere noko. Men for oss var ikkje det noko alternativ. No skulle det bli slutt på smertene og ønsket om at ho skal få gjere ting ho har lyst til er stort. Så sjølv om risikoen var stor med operasjonen, var det vel verdt det.

Endelig skal ho få ri, sykle, hoppe på trampoline, springe rundt og være ei normal jente!

Bitterheten over at det har tatt så lang tid, er der. Ho skulle fått hjelp for lenge sidan, det er då mulig at ho ikkje hadde trengt operasjon. Rutinane skal me gå igjennom med alle som har vært involvert for at dette ikkje skal skje nokon andre.

Det er mange som har spurt korleis det går med jenta vår, og det varmar med all omtenksomheten! Eg sjølv arbeidar fortsatt berre 30%, men håpar at frå august av øker eg meir i stilling. Det er fortsatt foten som er problemet, men det går framover og den toler meir og meir.

Takk for at du leste!

4 kommentarer

Gunhild.

24.06.2016 kl.23:09

Hei!

Eg har tenkt mykje på Madeline dei siste veke, rørande å lese at dette gjekk så bra♡ Gi ho en stor klem frå meg. :) - Gunhild. :)

Melinda

24.06.2016 kl.23:17

Gunhild.: Takk! Det skal eg gjere??

Helen

24.06.2016 kl.23:44

Kjekt å lese! Verkeleg! Dette blir bra :)

Hanne

25.06.2016 kl.07:54

Skikkelig sterk lesing 😳 De er så flinke som står på å gjer alt for Madeleine 👌🏻 Vi heiar på dåkke💪🏻🙌🏻

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits