Påsketur!

Det blei ein spontan påsketur på oss i år:) Turen gjekk til Fransøyra i Utvik. Ei koselig hytte i stille og rolege omgivelser. Me måtte berre komme oss vekk litt og svigers inviterte oss med på hyttetur.

Ungane fiska og kasta stein i fjorden, det var stas. Avslapping og påskeegg var det store. Sjølv om det var ekstremt mykje avslapping nett som heime, var det godt å skifte stove. Madeleine koste seg sånn at ho ikkje ville heim.

Foten min har framgang igjen. Er mykje på krykker for tida og er ferdig med smertestillande. Målet er å være tilbake litt i jobb den 18. April i ca. 30% stilling. Og det skal gå! No er det å jobbe med bevegelsen i ankelen som ikkje er heilt optimal endå. Musklane er stive og holder igjen. Så for at eg ikkje skal ha ein haltande gange i framtida, må det jobbast ein del.

Handa er nesten som før, er berre vetlefingeren igjen som ikkje er full bevegelse i. Men den er klar til å begynne å klippe:)

Madeleine har fortsatt mykje smerter, men ikkje like mykje som før heldigvis. Ho er fortsatt skeiv i nakken og treng tilrettelegging. Ho søv bedre om natta og det hjelper på for alle. Planen der er at fysioterapaut skal løsne litt opp i musklane i nakken for å gjere klart til at manuell terapauten skal sette virvlane på plass. Det er vridning i to av virvlane. Då får me håpe at det ordne seg:)

4 kommentarer

Helen

27.03.2016 kl.20:39

Så kjekt å høyre at det går rette vegen for alle. Og klippehanda skal få trene seg når du kjem i gong att. Fortsatt god påske i det som er att.

Melinda

27.03.2016 kl.20:41

Helen: Tusen takk! Ja, det blir nok mykje å gjere framover:)

jesus4areason

29.03.2016 kl.03:00

så godt og høre det går riktige veien! Så koselige bilder., ønsker deg en fin tirsdag <3 :-)

// Benedicte

Melinda

29.03.2016 kl.08:59

jesus4areason: Takk for det!:)

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits