Feiringa som var så etterlengta, men blei den som forventa?

Helga skulle være full av glede, kaker og presangar. Feiringa eldstejenta har sett fram til i nesten 2 år. Feringa av 6 års dagen!! I fjor kunne ho ikkje skjønne kvifor ho ikkje berre kunne bli 6 år, det var så bortkasta å bli 5 år, for då kunne ho ikkje begynne på skulen. Helga har vært fin, men Madeleine har hatt det tøft. Ho hadde lyst til å leike med jentene som kom og skulle feire. Mens dei sprang rundt og hadde tikken, kom ho bort til meg og sa: ,,mamma, eg kan ikkje være med, eg må sitte". Mammahjerte knuste. Ho satte seg ned og holdt i hovudet som gjer så vondt. Hovudverken kjem oftare og er lengre. No varer den nesten konstant. Nakken er stiv og ho bevegar hovudet lite. Ho våknar fleire gongar om natta og berre grin for det gjer så vondt. Ho våknar og av mareritt, mareritt av at mamma og pappa skal dø. Det kjem oftare no.

Me begynner å bli godt sletne alle mann, sletne av å ha vondt av jenta vår. Dei neste vekene blir det heldigvis fleire som skal hjelpe. Me ser fram til det.

Skuldfølelsen min kjem meir og meir, ihvertfall i forhold til Madeleine, ein blir påmint kvar einaste dag sidan ho har store smerter. Og det er forferdelig å vite at eg er den som har forårsaka desse smertene. Ja, eg veit det ikkje er min feil, men det føles slik allikavel. Dei siste dagane har tårene og komt, eg er så lei meg for alt den lille jenta har gått igjennom. Ho huskar alt og ho ein tenkar og grublar. Ho fortell og ho spør, ho er så voksen oppi det heile når ho snakkar om det, alt for voksen. Ho må på eit eller anna vis få ut den redselen ho skjuler så godt. Det er lov å være redd.

Ulykka kjem i tankane oftare no, tankane om kva som kunne ha hendt og det vetle eg huskar går i reprise om igjen og om igjen. Eg skal til Voss på fredag og kjøre samme veg som sist.

Eg gruar meg.

Det er godt ungane ikkje skal være med denne gongen. Eg har sikkert nok med meg sjølv denne gongen.

Som de ser, så er Frost den store tingen:) Det er Elsa kjole, Anna kake, bukse, gensere, jakke, smykke, paraply, briller, bøker, neglelakk og eg veit ikkje kva. Det var få ting som ikkje var frost relaterte presangar:) Og ho elska da!!!:) Det er då det er så godt å sjå augene lyse opp!! Dagen hennar er egentlig på onsdag, så det ventar nokon pakkar til. Eg har bestillt forskjellige ting som tok visst litt lengre tid i posten enn eg hadde rekna med. Men det kjem no fram akkurat i tide. Det er ikkje Frost relatert;) Men eg veit ho kjem til å bli ekstremt glad, for dette har ho virkelig ønskt seg.

Kjenner det er vanskelig å være mamma no, ein har så lyst til å gi ho heile verden. Eg har lyst til å gi ho alt ho ønsker seg, berre for å sjå gløden i augene og det gode smilet igjen.

Aurora er den som får oss til å tenke på andre ting, vår vetle ramp som samtidig er så omtenksom og skal hjelpe mamma og Madeleine. Det er så godt å ha denne vetle gledesprederen som og dei siste to mnd har gått frå å sei 3 ord, til å repetere alt me seier:)

Etter at feiringa var ferdig i går kapulerte minstemann kl 17 på sofaen, og me bar ho i seng rett og slett, og ho tok kvelden allerede då. Det tar på for liten og stor med fest:)

Eg vil og gi litt gratis reklame til Ferske smakar i Førde som lagar dei deiligaste og finaste kakene. Madeleine har fått kake i presang av oss dei siste tre åra, og det er prinsessekake som er det store. Eg er ikkje så flink til å bake sjølv, så litt lettvint å berre bestille og dei tar alle utfordringa me har gitt dei på strak arm:) Og ikkje minst så syns eg sjokoladekaka deira er heilt fantastisk!!

Så, blei feiringa slik Madeleine hadde sett for seg? Nei, den blei ikkje det. Men eg trur ho hadde ein kjempefin dag i lag med venninnene sine. Og kunne stolt vise den fine kaka og gi godteposer. Ho var glad for alle dei fine gavene, og koste seg med å få oppmerksomhet, sjølv om ho stort sett var veldig stille og rolig.

Takk for at du leste!

6 kommentarer

Jorunn

29.02.2016 kl.10:11

Hei, har de snakka med helsesøster om dette? Det er mogleg å få faste samtalar hos helsesøster dersom ein har behov for det, kanskje det kan hjelpe Madeleine? Det er også mogleg å få henvisning til BUP dersom det trengst. Håpar de får all den hjelpa de treng til både traumebehandling, men og dei fysiske plagene hennar. Og at det å vere 6 år er like stort etter skulen har begynt og ;)

Melinda

29.02.2016 kl.11:34

Jorunn: Hei! Nei, ho har ikkje vært til helsesøster endå. Ho skal snart, så ballen rullar vidare der og etterkvart. Me er og veldig open for alternativ medisin, så noko av det første ho skal prøve er kinesiologi. Eg sjølv har vært til kinesiologi fleire gongar, og det er grunnen til at eg er der eg er i dag. Psykisk hadde eg hatt store problem, hadde det ikkje vært for behandlingene eg har hatt. Så det blir veldig spennande. M skal til ei ekstremt dyktig dame, så ho er i gode hender framover:)

Håper skulestarten blir ein fin tid for ho, så alle råd som kan hjelpe ho til å bli frisk til sommaren tas imot med stor takk!!!

29.02.2016 kl.21:08

Eg har sjølv hatt god hjelp av naprapat Ole Petter Paulen med låsninger i ryggen, han er i Førde. Kanskje de skal snakke med han og?

Melinda

29.02.2016 kl.21:29

Anonym: Hei! Me har vært til naprapat i Førde, utan hell. Det var inga positiv opplevelse då ho ikkje lar nokon ta i ho. Me måtte rett og slett tvinge ho ned på benken for at han i det heile tatt skulle få gjere noko. No håpar me på ein nakkespesialist på barn skal hjelpe oss, fysioterapi og kinesiologi:)

Anette

01.03.2016 kl.18:51

Tusen takk for flotte ord! Kjekt at de er nøgd! God betring til dykk, og lukke til! Håpar de alle er heilt friske att snart.

Helsing Anette

Ferske Smakar

Melinda

02.03.2016 kl.01:55

Anette: Berre hyggelig og tusen takk!!:)

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits