40 års bryllupsdag!

I går feira me svigers sin 40 års bryllupsdag, med heile familien. Dette er ein veldig samansveisa gjeng og det er ikkje få gonger i året alle samlast, kan ein sei. Det er ein grunn til at alle 5 søsken med sine familier og sviger bur i samme vetle kommune.

Kvelden bydde sjølvsagt på mykje latter og samtalar som går over alle vidder, enkelte har ein fantasi som ikkje er sann. Det var sjømat som stod på bordet, og når svigers diskar opp med sjømat er det ikkje berre reker, då er det kreps, kongekrabbe, blåskjell, kamskjell, salma og masse deilig tilbehør.

Litt tullebilder måtte til og:)

Har fått ligge lenge i senga i dag, det er vel på tide å komme seg opp å ete deilig lunsj no. Og etterpå blir det deilige fastelavensboller frå Erketunet Gardsbakeri:)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits