Litt kontortid må til...

Litt kontor må til i dag og, siste innspurt til åpningsdag i morgon. I morgon begynner min nye ansatt og det skal bli så kjekt å øke staben. Det trengs virkelig, f.eks før jul jobba eg 10-11 timars dagar, men det var ikkje nok. Eg måtte seie nei til kunder som kom i siste liten, og det var ikkje kjekt. Det er kjekt at kundemassen berre øker:)

Mannen driv på med sitt nest siste år som lærarstudent. Han har ei 100% stilling som lærar i tillegg til deltidstudiene. Med 2 små som krev sitt, er det virkelig travle dagar kan du sei. Det er då eg no har skjønt at eg må gjere noko med min arbeidsituasjon når eg kjem tilbake igjen. Det blir ikkje meir 12 dagar på - 2 dagar av! Eg vil sjå ungane meir:)

Denne veka har eg endå ingen planar, bortsett frå fysio som kjem innom. Merker at det er nok å komme seg ut av huset 2 gonger i veka, og det bør heller ikkje være lenge i gongen. Max ein time er nok før eg kjenner at sofaen kallar. Hadde så lyst opp på det koselige bakeriet Erketunet i dag. Alt er heimelaga og med gode økologiske råvarar. I dag la ho ut på FB at ho hadde laga dei nydelige energibarane, som berre smaka heilt fantastisk! Får sjå om eg klarar å komme meg ut av huset neste gong ho har åpent:)

Én kommentar

Kacharin

02.02.2016 kl.01:20

Gratulerer med nye ansatta :)

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits