Besøk av NRK Sogn og fjordane!

I dag har NRK Sogn og fjordane laga reportasje med oss om ulykka og me snakka om kor viktig sikkerhet er i slike situasjonar. Det at ein har sikra barna og seg sjølv riktig kan væra alfa og omega, det var det ihvertfall hjå oss. Aurora som kom ifrå det med ei kul i panna, ho satt i bakovervendt sete. Eg tørr ikkje tenka på kva som kunne ha skjedd om setet hennar hadde vore snudd. Det som ein kanskje ikkje tenker på er at brannslukkingsapparat burde vært noko ein skulle ha hatt i bilen. Både for sin eigen del eller viss ein kjem opp i ein situasjon der ein treng det. Skulle det kanskje vært lovpålagt? 



Me hadde ikkje ein bil som scorar høgt på sikkerhet, so at det gjekk so bra som det gjekk, er heilt utruleg. Bilen som kom imot, traff oss på passasjersida framme der det ikkje satt nokon. Hadde bilen treft oss ein annan plass, hadde det gått værre. No når me kikkar etter bil, skal den være ein av dei beste på sikkerhetstestar. I dag leverte Kenneth prøvebilen og har bestilt nye bilen:) Er visst litt lang bestillingstid sidan me velger ein sjelden farge på bilen, både inni og utanpå. Så om ein mnd, kan me kjøra rundt i nye gliset!! 

Me hadde ihvertfall to koselige karar på besøk og eg er spent på korleis reportasjen blir. Den blir sendt på torsdag kl. 18.45 på NRK1. 

Håpar du vil sjå på!:)

 

5 kommentarer

Helen

21.01.2016 kl.00:03

Klart vi skal sjå på. Tryggleik for borna er viktig. Flott å sette fokus på dette.

Lina Kristine

21.01.2016 kl.15:59

Brannslukkingsapparat er ikkje dumt å ha. Sjølv om det ikkje er pålagt å ha i personbiler er det nok av andre køyretøy som har det. Det er lovpålagt i alle tyngre køyretøy; lett-lastebiler, lastebiler, busser osv, så om ein treng det så er det ofte ikkje langt unna. Utfordringa ligg vel heller i å vite kvar ein finn apperata og faktisk hugse det når ein treng dei.

Uansett, kjekt å sjå at det gjekk så bra med dykk som det gjorde. Fint at du deler opplevelsen din.

God bedring!

Melinda

21.01.2016 kl.16:51

Lina Kristine: Hei! Veit at større kjøyretøy er pålagt å ha. Ein kan aldri vite om det kjem eit større kjøyretøy eller ikkje, så lurt å ha i alle bilar.

Takk for det!
Så bra at media kaster lys over dette. Synes du er sterk, jeg.

Melinda

22.01.2016 kl.14:56

Maren Helgemo: Takk skal du ha!

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits