Første kvardag!

Barna er i barnehage, den eldste har sin første dag og gleda seg max!!! Kenneth har tatt turen til Førde og skal fikse ting, blandt anna kjøpe bil:) Me har brukt helga på å leite, og me klarte å bestemme oss til slutt. Det blir ein ny bil, og herlighet kor mykje luksus det er på nye biler i dag. Er ikkje vant til dette, har stort sett berre hatt eldre bilar, så dette blir spennande!!

Vel, Kenneth er i Førde, så det betyr at eg er aleine heime for første gong. Alt ligg til rette for at eg skal klare meg åleine. Rullestol, fjernkontroll, vannflaske og smertestillande er innan rekkevidde, det har mannen passa på:)



Ellers har det komt ein halvmeter med snø ute, gruer meg allerede til ein liten biltur i morgo. Men da må gjerast. Så alle på Vassenden, ikkje bli irritert på ein liten corolla som kjører i 20km/t i morgo;) Det er berre meg som er livredd!  


ca 50cm snø på verandaen!!

Ellers begynner ting å gå seg til, tårene kjem ikkje så lett lenger. Begynner å føle meg tryggare i heimen, og kjem meg rundt over alt. Klarte til og med å løfte minsten ut av senga etter luren hennar i går, greit med ungar som hjelper til litt, er gla for at eg ikkje har heilt små barn i denne situasjonen eg er i. Madeleine har blitt mammas lille hjelper og er så snill. Henter ting, og hjelper til å kjøre meg rundt viss eg treng litt hjelp. Beste ungane i verden!!!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits