Savnet etter barna!

Aurora, minste jenta var på besøk dag 2 og 3 på Haukeland. Så såg eg ikkje ungane før eg kom til Førde sentralsjukehus. Madeleine såg eg litt meir sidan ho var innlagt når eg kom til Førde. Aurora kom på besøk igjen på min 10. dag på sjukehuset, bildet er frå den dagen. Så såg eg ho ikkje før eg kom heim på dag 15. Savnet var ufattelig stort, men eg er så uendelig glad for at dei er friske, og Aurora er ein gledesspreder om dagen. Om tårene kjem, så er det mykje kos å få. Og det er ikkje langt frå tårer til latter med desse små. 

No om dagen kjem det utrulig mykje ord frå denne 2 åringen, som har vært ganske stille. Endelig har det løsna. Sjå, pus og Peppa gris, er noko av det nye:)



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits