Før smellen!

Me hadde ei rolig og fin jul i år, det var mykje berre oss fire som var i lag heime og koste oss. Sidan eg driv frisørsalong og er åleine, er det utrulig mykje å gjera denne mnd, og i år hadde eg virkelig alt for mykje å gjera. Det blei ekstra lange dagar, i tillegg hadde eg ribbeinsbrudd, men eg stod på jobb til vetlejulafta. Romjula gjekk til å roe ned og ta seg inn igjen etter det hektiske kjøret me hadde.

På ein eller anna måte har eg følt at det kom ein form for smell snart, trudde den skulle komme meir psykisk, men at det skulle bli så voldsomt, kom som ein overraskelse. Men det var kanskje ein så stor smell og at eg blei satt totalt ut av spel og er bunden til rullestol i fleire veker, som skulle til for at eg måtte  forstå, at me må endre måten me lever på og at me må roe ned! Eg trur alt har ei meining! 

Alle kjem til å ha hektiske perioder innimellom, eg vil prøve å gi råd til alle som føler dei ikkje strekk til, dei som føler dei må jobbe ellers går det ikkje og dei som MÅ rekke over ALT. Det er ikkje alltid me MÅ gjere alt, for det er ikkje alltid så nøye! Eg såg med skrekk og gru på at salongen ein gong måtte stengast ei veke, no blir salongen stengt i nesten ein mnd, men alt i alt så går det jo fint. Alt ordner seg for snille jenter!:) EG HAR LÆRT! Eg SKAL roe ned arbeidet, og være meir heime med mine fine!


Juletreet vår i år, som eg syns blei fantastisk nydelig, synd det har blitt tatt ned til eg kjem heim, og godt det er eit plasttre så eg kan nyte samme syn i år. Eg savner jula og tida før dette skjedde, men i dag er det ein god dag. EG SKAL HEIM!!!!! 

Takk for at du leste!

Én kommentar

Helen

15.01.2016 kl.09:56

Det er gjennom livets harde skule ein lærer og ein må erfare ting sjølv. Godt å lese at du tek tida framover som ein sjanse til å starte på nytt. Av og til må ein tilbake til start. Ha ein fin dag. Klem.

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits