DEN DÅRLEGE STARTEN

Ja ja, då blei det blogg på meg og, kva denne bloggen skal inneholda vil nok vise seg etterkvart som tida går.

Ein kan virkelig sei at eg har fått ein ny start på livet og dette året kan berre bli bedre og bedre. Den 1.1.16 kom eg og min vetle familie i ei bilulykke. Me skulle heim til min mor på Voss og me skulle feire minstejenta sin 2 års dag. Då me nærma oss Voss, kom me plutselig til islagt vegbane og kom over i motsatt kjørefelt. Me mista kontrollen over bilen og smalt inn i bilen som kom i motsatt kjørefelt. Eg sjølv husker lite av heile hendelsen, men min mann som satt bak med barna våre husker alt.

Etter samanstøyten begynte bilen vår å brenne og min mann fekk ikkje opp dørene, mens eg var bevisstløs i førersetet. Etter kvart kom det utruleg mange og hjalp til, sløkte brannen og fekk oss ut. Det går ikkje ann å takke dere som hjalp oss nok!!!! Eg blei flydd til Haukeland sjukehus, mens resten av min familie blei sendt til Voss sjukehus. Eg låg på Haukeland ei veke før eg blei flytta til Førde Sentralsjukehus, mens min mann og barn kom ut av sjukehuset dagen etter. 





Dag 2, og godt dopa ned;)

 



Dag 9, trøtt lite søvn ettersom ein ligg på 4 manns rom!


Dag 10 fekk endelig tatt ein dusj. På Haukeland har dei virkelig ikkje tid til å dusje folk. Å endelig få dusje er noko av det deiligaste som har skjedd meg i år;) 


Var godt forslått og hadde blåmerker over alt!!


Dag 13, i dag. Fekk dusje i dag og, og er lykkelig over å få vite at eg får lov til å reise heim på fredag. Eg som trudde eg skulle ligge vekesvis på sjukehus.

Ulykka kunne ha gått så mykje verre og hadde f.eks min mann vært i passasjersetet istadenfor i baksetet med barna, er det ikkje sikkert han hadde hatt beina sine i dag. Eg har brudd i venstre legg, høgre lille finger og brystbeinet, så målet mitt dei neste mnd er å kunne gå. I dag har eg komt så langt at eg klarar å komme meg frå senga til rullestol åleine, og klarar å gå på do heilt åleine. I min kvardag er desse småstega utruleg store, og er ein kjempeseier! Klarar å gå hinke meg nokon meter med gåstol, men blir fort sliten og det å ha foten hengande ned er ekstremt vondt, då det kjem eit ekstremt trykk i foten når blodet renn ned, men det begynner å gå bedre det og.

Det er så mykje tankar som skal sorterast og pratast om no kjenner eg. Skal bli godt å få komme heim å prate med min mann ordentlig, snakke ut ordentleg, blir ikkje det samme å sitte på rom med mange andre på sjukehuset. 

På bloggen kjem eg framover til å vise framgangen eg har og vegen tilbake til det normale livet igjen!

Takk for at du leste:)

 

 

 

 

2 kommentarer

Marianne

14.01.2016 kl.05:57

God bedring ❤️

14.01.2016 kl.07:24

Så kjekt at du deler tanker å framgang😀👍-lykke til heile familien- PS: Kennet var innom jobb i går,godt å sjå han😀 Stor klem fra AnneMarit

Skriv en ny kommentar

Melinda

Melinda

29, Voss

29 år, frå Voss, bur på Jølster. Karrieremamma, driv frisørsalongen Floke Jølster og har to søte små jenter. Interesser: Frisør, interiør, trening, helse og miljø.

Kategorier

Arkiv

hits